samarbeidsrådet for sunnhordland_logo

Regionalt næringsfond - ny søknadsfrist

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt næringsfond. Neste søknadsfrist er sett til 26. oktober.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt næringsfond. Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.


Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er nyskaping/entreprenørskap, marin sektor/havbruk, kulturbasert næringsutvikling, rekruttering/omdømmebygging, reiseliv og energi/miljø.


Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.


Søknadsfrist er sett til 26 oktober.


Søknad skal sendast til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord eller på epost: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på tlf 53 45 67 90 eller sjå meir info på Samarbeidsrådet sine nettsider: www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut