Samarbeidsrådet for Sunnhordland_400x150

Regionalt næringsfond - ny søknadsfrist

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt næringsfond. Neste søknadsfrist er sett til 9 mai.

Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette. 

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er nyskaping/entreprenørskap, energi/miljø, omdømmebygging, marin sektor/havbruk, reiseliv og kulturbasert næringsutvikling.

Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.

Det kan søkjast dekking av inntil 20% av totalkostnaden i eit prosjekt.

Det er lagt opp til to tildelingsmøter i 2012 (6. juni og 21. november)

Søknadsfrist for å verta handsama i møte i juni er sett til 9. mai.
Søknadsfrist for å verta handsama i møte i november er sett til 24. oktober .

Søknad skal sendast til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord eller på e-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på telefon 53 45 67 90 eller sjå på Samarbeidsrådet sine nettsider

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut