samarbeidsrådet for sunnhordland_logo

Regionalt næringsfond - ny søknadsfrist

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond.

Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.

 

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er Nyskaping/entreprenørskap, Kulturbasert næringsutvikling/matkultur, Rekruttering/omdømmebygging, Reiseliv.

Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.

 

Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

 

Neste søknadsfrist er 17. august. Tildelingsmøte er 3. september.

 

Alle søknadar skal sendast digitalt på www.regionalforvaltning.no

 

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på telefon 53 45 67 90 eller på epost: firmapost@samarbeidsraadet-Sunnhordland.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut