Reguleringplan for bustader Løvvik Vest

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 058/13 i møte 01.10.2013 endeleg godkjend reguleringsplan for bustader Løvvik Vest etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på ca. 21 daa, og er regulert til bustadområde, samferdsleanlegg, friluftsområde i vassdrag med omsynssoner for fri sikt og støy.

Her er lenker til:
- Plankart dagsett 27.06.2013
- Føresegnene til planen revisjon dagsett 02.07.2013
- Vedtak (Møtebok) av 01.10.2013

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 32.
Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no

Klage må sendast innan 15.11.2013 (3 veker etter at annonsa står i avisa).
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut