Reguleringsplan for endring av E134 Stordalen, Lauareid – Håland - Bakka

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 21/13 i møte 26.2.2013 endeleg godkjend reguleringsplan for endring av E134 Stordalen, Lauareid – Håland – Bakka, etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Her er lenker til:

Plankart, dagsett 21.2.2013.
Føresegner, dagsett 10.12.2012.
Vedtak (Møtebok), dagsett 26.2.2013.
Liste over innkomne merknadar

Reguleringsplanen er også å finna på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i medhald av §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 26.3.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut