Reguleringsplan for Fikse industriområde

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 003/11 i møte 22.02.2011 endeleg godkjend reguleringsplan for Fikse Industriområde etter § 27-2 i Plan- og Bygningslova:

Planområdet er på ca. 153 daa, og er no regulert til ca. 82 daa Industri/Lager, ca. 20 daa veg- of trafikkføremål, ca. 4 daa høgspentanlegg, ca. 45 daa friluftsområde og ca 1 daa frisiktsone.

Her er lenker til:
Plankart.
Føresegnene til planen.
Vedtak (Møtebok).

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i hht §§ 27-3 og 15 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast inn innan 28.03.2011 (3 veker etter at annonsa står i avisa).

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. §§ 32 og 42 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut