gang_sykkelvei_skilt

Reguleringsplan for gang- og sykkelveg mellom Etne sentrum og Mo/Steine

Planvedtak

Kommunestyret har i sak 45/13 i møte 18.6.2013 endeleg godkjend reguleringsplan for gang- og sykkelveg mellom Etne sentrum og Mo/Steine etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på om lag 43 da, og er regulert til gang- og sykkelveg, køyreveg og annan veggrunn.

Her er lenker til:

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i medhald av §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: Firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 15.7.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut