Reguleringsplan for Leknestangen Vest

PLANVEDTAK

Kommunestyret har i sak 082/09 i møte 15.12.2009 endeleg godkjend reguleringsplan for Leknestangen Vest etter § 27-2 i Plan- og Bygningslova:

Planområdet er på 129daa, og er no regulert til byggjeområde for industri/lager, landbruksområde, offentleg trafikkområde og spesialområde.

Her er lenker til:
Plankart.
Føresegnene til planen.
Vedtak (Møtebok).

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i hht §§ 27-3 og 15 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, på e-post til: firmapost@etne.kommune.no eller vårt skjema for høyringsuttale. Klage må sendast inn innan 12.07.2010 (3 veker etter at annonsa står i avisa).
 

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. §§ 32 og 42 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut