Reguleringsplan for Osnes bustadfelt

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 052/10 i møte 21.09.2010 endeleg godkjend reguleringsplan for Osnes Bustadfelt etter § 27-2 i Plan- og Bygningslova:

Planområdet er på 103 daa, og er no regulert til byggjeområde for einebustader, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde, spesialområde og fellesområde.
 
Reguleringsplanen er å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Her finn du link til:
Plankart
Føresegner
Vedtak K-sak 052/10

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i hht §§ 27-3 og 15 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, på e-post til: firmapost@etne.kommune.no eller vårt skjema for høyringsuttale. Klage må sendast inn innan 28.10.2010 (3 veker etter at annonsa står i avisa).
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. §§ 32 og 42 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

UTBYGGINGSAVTALE FOR OSNES BUSTADFELT
I samsvar med Plan- og bygningslova Kap. XI-a. Utbyggingsavtaler, vert det med dette kunngjort at det er starta opp forhandlingar om ein utbyggingsavtale mellom grunneigar av gnr. 14 bnr. 1 og Etne kommune med utgangspunkt i den godkjende reguleringsplanen
Avtaleframlegget vil verte lagt ut til offentleg ettersyn med 30 dagars frist for merknader etter at Etne kommune har akseptert framlegget.

Etne 05.10.2010
Utvikling
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut