Reguleringsplan for Osnes II gnr 14/1

PLANVEDTAK
Kommunestyret har i sak 5/13 i møte 26.2.2013 endeleg godkjend detaljregulering for Osnes II, delar av gnr. 14, bnr. 1, etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova:

Planområdet er på om lag 20 da, og er regulert til bustadområde.

Her er lenker til:
Plankart dagsett 7.9.2012.
Føresegnene til planen revisjon dagsett 7.9.2012.
Vedtak (Møtebok) dagsett.

Reguleringsplanen er òg å finna på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i medhald av §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klager skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 2.4.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut