Reguleringsplan for R-21 Ligrend 2

OPPSTART
Komité Natur (Det faste utval for plansaker), har i sak 024/10 i møte 04.02.2010 vedtatt oppstart av reguleringsarbeid for ei kommunal tomt på Skålnes, nord for Skånevik Idrettshall, etter § 27-1.1 i Plan- og Bygningslova.

Føremålet med reguleringa er å legge til rette for bustadtomter ved å omregulere frå offentleg føremål til område for bustader.

Tomta var i si tid tiltenkt til omsorgsbustader, men behovet vart redusert etter utviding av Skånevik Omsorgssenter. Det er i området få tilgjengelege tomter for bustad.

Her finn link til dokument i saka: 
Møtebok 
Plankart
Reguleringsføresegner

Vedtak om oppstart er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 32.

Eventuelle merknader kan sendast pr post til Etne kommune, postboks 54, 5591 Etne, via e-post til  firmapost@etne.kommune.no eller vårt skjema for høyringsuttale

Innspel må sendast inn innan 05.11.2010.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut