Reguleringsplan for Trønskenes

OFFENTLEG ETTERSYN.
Komité Forvaltning har i sak 059/12 i møte 25.04.2012 vedtatt at reguleringsplan for Trønskenes skal leggast ut til offentlig ettersyn etter §§ 5-2 og 12-10 i Plan- og Bygningslova.

Planområdet er på ca 168 daa, og vert foreslått regulert til 14 nye bustadtomter, 37 nye tomter for fritidsbustader, naust, næringsbygg, småbåtanlegg, veg, parkeringsplassar, badeområde m.m.

Her er lenker til:
Plankart.
Føresegnene til planen.
Vedtak (Møtebok).
Planomtale

Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan 23.07.2012

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut