Tysse kai

Reguleringsplan for Tysse kai

Planvedtak

 

Kommunestyret har i sak 88/12 i møte 18.12.2012 endeleg vedteke reguleringsplan for Tysse kai, delar av gnr. 94, bnr. 1 og gnr. 93 bnr. 1, etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova:

Planområdet er på om lag 9 da, og er regulert til kai/båthamn med tilhøyrande areal.

Her er lenker til:

- Plankart dagsett 4.12.2012.
- Føresegnene til planen revisjon dagsett 4.12.2012.
- Vedtak dagsett 18.12.2012.
- Planomtale dagsett 30.09.2011

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i etter §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: Firmapost@etne.kommune.no.

Klage må sendast innan 14.2.2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut