Reguleringsplan - rett til å fremje forslag | ||||||||||
Oppdatert: 16.10.2019 12:55 | ||||||||||
Generelt | ||||||||||
Omtale Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gjev grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. | ||||||||||
Målgruppe Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter | ||||||||||
Kriterium/vilkår
Forslaget må følgje dei krava til reguleringsplan som ligg i plan- og bygningslova § 12-1 og i kart- og planforskrifta § 9 og § 10.
Kommunen har høve til å fastsetje fleire krav.
| ||||||||||
Regelverk | ||||||||||
Lover Plan- og bygningsloven Forskrifter Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl Forskrift om konsekvensutredninger Kart- og planforskriften Rettleiing Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven Lovkommentar til plandelen i ny plan- og bygningslov | ||||||||||
Praktiske opplysninger | ||||||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Ditt forslag til plan blir kalla planinitiativ. Planinitiativet skal innehalde følgjande:
Samtidig skal du sende ein førespurnad om oppstartsmøte. Dette blir sendt til kommunen.
Alle tema som er nødvendig for å behandle søknaden skal takast opp i oppstartsmøtet.
Kommunen forpliktar seg til å skrive referat av møtet. Det er fleire krav til kva referatet skal innehalde (sjå § 3 i forskrifta).
| ||||||||||
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle forslaget innan 12 veker. Fristen begynner å springe når kommunen har motteke forslaget. Dersom planen ikkje oppfyller alle krava, og kommunen må etterspørje meir informasjon, vert fristen brote, og fortset igjen når kommunen har fått den etterspurte informasjonen.
Behandlingstida blir avslutta når kommunen sender planen vidare til offentleg ettersyn.
| ||||||||||
Klagemulighet Skulle det vere usemjer mellom deg som forslagsstillar og kommunen, kan du krevje ei behandling av saka i kommunestyret. | ||||||||||
Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
Andre opplysningar | ||||||||||
Dato oppdatert 2019-10-16 12:55 |