Etne sentrum

Retningsliner for sentrumsutviklingsprosjekt i Etne og Skånevik

Etne kommune har løyvd i alt 2 mill. kr. til utviklingsprosjekt i Etne og Skånevik sentrum.

Etne formannskap vedtok 04.02.20 retningsliner for bruk av midlane, sjå saksutgreiing og vedtak på linken PDF document ODT document .
Det kan søkjast om tilskot til utviklingsprosjekt. Krav til innhald i søknadene er skildra i pkt. 7.   

Søknadsfrist er 13. mars 2020. Sendast Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på post@etne.kommune.no
Kommunen vil etter fristen sende innkomne søknadar vidare til lokale nærings-/sentrumsforeiningar for samordning, jf. pkt. 3 i retningslinene. Endeleg frist for retur av søknadane til kommunen blir sett til 01. april 2020.

Kontaktperson: Rådgjevar plan og miljø, Erik Kvalheim, tlf. 53 75 82 21.


Retningsliner for sentrumsutviklingsprosjekt:

  1. Tiltak skal ligge i Etne og Skånevik sentrum, ha høg nytteverdi og vere offentleg tilgjengeleg. Tiltaka må ha god estetisk kvalitet og i tråd med krav til tryggleik og universell utforming. Det må nyttast haldbare løysingar og mest mogleg vedlikehaldsfrie material.
  1. Det er ingen særskilte krav til kva for type tiltak det kan søkjast om midlar til, så lenge dei er positive for utviklinga av sentrumsområda. Tiltak for barn og unge, tiltak for betring av klima og miljø og tiltak som aukar sosialt samvær og folkehelse er ein føremon. Kreative forslag er ønskjeleg.
  1. Tiltak skal vere samordna i lokale nærings-/sentrumsforeiningar e.l., slik at der er felles oppslutnad om forslaga. Det er ein styrke at tiltak er nedfelt i godkjente sentrumsplanar etc. Materialbruk i tiltak må samordnast, slik at vi får mest mogleg heilskapelege løysingar.
  1. Framlagte tiltak må vere i tråd med gjeldande reguleringsplanar. Tiltak som treng byggjeløyve, må byggjemeldast av forslagstillar.
  1. Forslagstillar må stå ansvarleg for gjennomføring av tiltak, tilsyn/vedlikehald og ev. forsikring. På kommunal grunn kan det vere aktuelt å inngå særskilt samarbeidsavtale, ev. at eksisterande avtalar blir justert.
  1. Etne kommune har høve til å kome med eigne forslag til tiltak, både ev. nye prosjekt og oppgradering av eksisterande utemiljø og anlegg.
  1. Krav til innhald i søknadar:
  • Skildring av tiltaket på kart, supplert av t.d. illustrasjonar, foto, produktblad etc.
  • Kostnadsoverslag for byggematerial og kjøp av tenester. Dersom tiltak inneheld fleire delprosjekt, må kostnadsoverslaga vere spesifisert for kvar del.
  • Finansieringsplan, inkl. oversyn over ev. eigne/andre midlar og planlagt dugnad.
  • For større tiltak må driftsbudsjett leggjast fram.
  • Løyve frå grunneigar (i dei tilfella dette ikkje er Etne kommune).
  • Planlagt dato for ferdigstilling.
  • Kontaktperson og kontonummer til forslagsstillar.

Administrasjonen i Etne kommune kan ved behov spørje etter supplerande opplysningar.

Formannskapet kan støtte eller avslå prosjekt, velje mellom ev. delprosjekt i tiltak eller setje vilkår, t.d. vedrørande val av løysingar, materialbruk etc.

 

  1. Regelverk for offentlege innkjøp og rammeavtalar må følgjast der dette slår inn. Etne kommune vil vere hjelpsame med sjølve anbodsprosessen, men naudsynte opplysningar for anbodsgrunnlag (t.d. liste over arbeidsoperasjonar, materialbruk/kvalitet, mengd etc.) må kome frå forslagstillar.
  1. Frist for ferdigstilling av tiltak er 01.11.2021. For særskilt omfattande prosjekt kan annan frist vurderast, ev. for delar av tiltaket.
  1.  Etne formannskap vel sjølv om midlane skal fordelast i fleire omgangar.
Tips ein ven  Skriv ut