Rutinar ved mistanke om rovviltskade

Når husdyr blir drepne av jerv, gaupe, ulv, bjørn eller kongeørn har dyreeigaren rett på erstatning.

Ofte blir tap på utmarksbeite først oppdaga under sankinga. Då er det viktig å kontakte Statens naturoppsyn så snart kadaver blir oppdaga og ein mistenker rovvilt som dødsårsak. Frist for å søke erstatning er 1. november.

Kongeørn i Fitjarøyane
Kongeørn i Fitjarøyane (Foto: Jørgen Aarø / Jørgen Aarø)

 

Viktig å dokumentere dødsårsak

Når ein finn kadaver og mistenker at rovvilt er dødsårsaka pliktar ein å melde frå til Statens naturoppsyn så snart som råd. Dei vil kome til plassen og undersøke kadaveret for å prøve og fastslå dødsårsaka. Denne dokumentasjonen er heilt grunnleggjande for ordninga og ligg til grunn for handsaming av erstatningssøknadane. Når dyr blir borte frå utmarksbeite kan dokumenterte tap til rovvilt i beiteområdet bidra til å sannsynleggjere at fleire dyr er drepne av rovvilt. Utan denne dokumentasjonen er terskelen høg for å utmåle erstatning.

Lokale rovviltkontaktar 2016

Statens naturoppsyn har lokale rovviltkontaktar spreidd i heile fylket. Det er desse som skal kontaktast, og som kjem til plassen for å gjennomføre kadaverundersøkingane. Tabellen under viser kontaktperson i ditt område: 

Namn Telefon/Mobil Område
Andreas Dunkley 480 25 444 Nord i Rogaland og sør i Hordaland
Hartvig Haugen 56 58 31 96/970 13 594 Ytre delar av Hordaland
Trine Hilstad 55 66 32 13/959 41 673 Hardanger med omland
Ingmar Slettemark 56 51 54 07/957 09 271 Nordhordland
Leiv Trygve Varanes 53 48 45 54/950 56 952 Sunnhordland

 

Søknadsfrist 1. november

Fristen for å søke erstatning er 1. november og alle søknadar skal leverast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut