Flytting1A

Ryddesjau i arkivet

Det har vore stor ryddesjau i kjellaren på Tinghuset den siste veka. 

Flytting1.jpg    Flytting2.jpg

 

Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) er eigd av alle kommunane i Hordaland kommune, utanom Bergen kommune. IKAH  er fjernarkiv til eigarkommunane. I førre veke var to damer frå IKAH på besøk og var med å pakka avslutta personarkiv for kommunen. Denne veka har vi sjølv pakka administrativt arkiv fram til og med 1996 og IKAH har vore her med to representantar to dagar på rad med stor bil og henta arkivet. Det vart tilsaman 10 pallar som tilsvarer ca 80 hyllemeter med arkiv. Til hausten skal administrativt arkiv 1996-2007 bli  rydda, pakka og gjort  klart til henting.

Flytting3.jpg    Flytting4.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut