Du er her: Heim Rygg barnehage

Rygg barnehage

Rygg barnehage

Rygg barnehage

Rygg barnehage er ein kommunal barnehage for born i alderen 1-6 år. Barnehagen ligg tett opp til skog og mark. Me har haugar, bakkar, lauvskog og barskog like i nærleiken. Område som er glimrande turområde for barnehagen og som innbyr til bruk av kroppen på ulike måtar. Me vektlegg inntrykk og opplevingar i naturen i all slags ver, for å tilfredsstilla og utvikla barna si oppdagarglede og behov for motoriske utfordringar.
Barna har og ei fast turøkt kvar veka. Denne dagen et me gjerne ute. Av og til lagar me mat på bål. Me er også heldige med tanke på at me har eige gymsal. Denne vert nytta for å gi barna generell sansestimulering gjennom øvingar som å hoppa, hinka, balansera, musikk- og songleiker.

På grunn av stor aldersspredning vil ein dele inn i alderslike grupper i perioder av dagen. Ein vil ha faste turgrupper, aktivitetsgrupper. Ein vil og dele opp i smågrupper i inneleik, uteleik, gymsal-aktiviteter ol.

Me jobbar for å vera:

  • ein barnehage som er ein trygg, god og koseleg stad å vera
  • ein barnehage med masse leik ute og inne
  • ein barnehage der alle barn skal ha vener og eit positvt sjølvbilete
  • ein barnehage som vektlegg kreativitet og skaparglede
  • ein barnehage med glede og humor 
  • ein barnehage med song, drama og språkstimulering

Me er inspirert av Reggio Emilia filosofien der hovudbodskapen kan uttrykkast i to ord: SJÅ BARNA !

Link til heimeside: Rygg barnehage

Styrar: Hege Hansen, telefon 53 75 80 90

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut