KS1

Samling i kvardagsrehabilitering

Fra april-15 har me saman med 16 andre kommunar, delteke på 5 samlingar, for å få hjelp i innføringa av kvardagsrehabilitering, og for å dela erfaringar. 

KS1
f.v: Reidun Børve, Doreen Halleland, Merete Gravdal, Sylvia Thør og Anita Sørheim. Våre dyktige heimetrenarar var ikkje med denne gongen då alle avdelingsleiarane var med.
KS2
Etne kommune stilte opp med både litt Taekwon-Do og Aerobic, for å få bevegelse i alle deltakarane. Og det sette fart i gjengen!
KS3
Klar!

For Etne kommune har dette vore avgjerande for å ha kome så langt i prosessen som me har. God forankring er blitt sikra, og trass i tøffe nedskjæringar i pleie og omsorgstenesta, har ein klart å halde fokus på forbygging og rehabilitering, som kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering jo er.

 

Eige team er blitt etablert, beståande av avdelingarsleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og heimetrenarar. I tillegg er ressurspersonar blitt tilknytta teamet, og desse fungerera som ekstra heimetrenarar.  Målet er at innan hausten 2017, kan alle i heimetenesta utføra kvardagsrehabilitering.

 

Brosjyre er blitt laga, informasjon er kome på heimesida til kommunen og på informasjonsskjermane på helsesenteret i Etne og på Skakkesenteret, to ”kick-off” dagar er blitt arrangert, for å informera om tilbodet til både innbyggjarar og personal. I tillegg har ein informert dei folkevalgte og samarbeidane instansar, og interne oppæringar er gjennomført.

 

Viktigast av alt er at 10 brukarar har fått tilbod om kvardagsrehabilitering sidan oppstart.

KS4.png

Resultata viser signifikant betring ift t.d utføring av kvardagsaktivitetar, tilfredsheit og funksjon. Og nøgde brukarar gir nøgde ansatte, og begge delar gir positive utslag for kommuneøkonomien. Forskning viser at når kvardagsrehabilitering blir tilbydd, går behovet for hjelp ned. Ein vinn-vinn situasjon!

 

Teamet tek ein pause i sommar, men håpar mange kandidatar er klare å ta fatt til hausten!

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut