2

Samtalen med barnet

Kjensla av uro kan komme før eller etter ei samtale. I sjølve samtalen er det viktig å lytte aktivt, forstå barnet og hjelpe barnet til ikkje å føle seg åleine. Ei slik samtale treng ikkje å vera ansikt til ansikt. Det kan vera å gå ein tur, eller medan ein gjer eit eller anna.

Å vera konkret , å snakke om ei spesiell hending kan vera ei god start, særskilt om barnet har opplevd ei hending som kan vera skremmande. Sterke kjensler rundt dette må ein som vaksen bekrefte og anerkjenne.

Det er ikkje alltid lett å snakke med barn, særleg om temaet er sårt eller vanskeleg. Her er noen råd i slike situasjonar :

Om barnet er stille:
Kanskje er barnet usikker på situasjonen, redd for å si noko galt eller redd for at du som mottakar skal bli lei deg.  Spør om det er slik. Andre gonger vil barnet berre lytte. Ta deg god tid, og sjå på samtalane som ledd i ein prosess. Ofte kan samtaler med barn vera korte, men utbyttet kan likevel vera stort. Gjennom mange, små samtaler, og gjennom å være samen, vil barnet gradvis forstå meir og meir av kva det handlar om og korleis situasjonen i familien er. Ein treng ikkje ta alt på ein gong.

Tips om den støttande samtalen med barnet, her:

http://www.vfb.no/filestore/Voksne_for_Barns_tiltak/Barn_som_prrende/Hefter/WEBVfB_RUShefteforeldre1.pdf

 

 

"Me bryr oss"

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut