Kommjobb for SMK ved Arvid Samland

Sei di meining om kommunelova

Fungerer kommunelova på ein god måte? Kommunal- og regionaldepartementet vil ha innspel frå deg som brukar lova.

 

– Det er viktig at lova fungerer godt for kommunesektoren. Derfor vil eg gjerne ha innspel både på det som er regulert i lova og om det som eventuelt burde ha vore regulert, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ynskjer forslag
Navarsete oppmodar medarbeidarar i kommunar, folkevalde, innbyggarar og representantar frå interesseorganisasjonar til å kome med synspunkt og forslag. Innspela skal gje grunnlag for å vurdere om lova skal reviderast.

 
·        Gje innspel på www.regjeringen.no/kommuneloven20  
 
Lova er 20 år
Kommunelova regulerer ei rekkje område, som kommunal organisering, kontroll og saksbehandling. I år er det 20 år sida lova såg dagens lys. Dette vart markert med ein jubileumskonferanse med nesten 150 deltakarar i september.
·         Innlegga frå konferansen
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut