Serveringsløyve | ||||||||||
Oppdatert: 03.01.2017 14:36 | ||||||||||
Generelt | ||||||||||
Omtale Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for at det blir spist/drukke på staden. Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Dersom serveringsstaden blir teke over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging. | ||||||||||
Kriterium/vilkår Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving. Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte. | ||||||||||
Samarbeidspartnarar
| ||||||||||
Regelverk | ||||||||||
Lover Forvaltningsloven Serveringsloven Rettleiing Bevillingsplikt for omreisende serveringsvirksomheter | ||||||||||
Praktiske opplysninger | ||||||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å rettleiing. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane:
| ||||||||||
Vedlegg
I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram
| ||||||||||
Sakshandsaming Når søknaden er komen fram til kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. | ||||||||||
Sakshandsamingstid Snarast råd og seinast innan 60 dagar | ||||||||||
Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | ||||||||||
Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
Andre opplysningar | ||||||||||
Dato oppdatert 2017-01-03 14:36 |