SFO

Opptak i skulefritidsordning (SFO)

SFO er eit tilbod til alle barn på 1.-4. årssteg og for born med særskilte behov på 1.-7. årssteg. Born som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

Hovudaktiviteten er i første rekkje leik ute og inne, lesing, spel, samtalar og spontane aktivitetar.

Ein kan søkja heile året, men kvart år vil det vera ein frist 1. mars med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august.
Born som har fått plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom han ikkje vert sagt opp.

SFO ved Enge Skånevik skular er opne frå 1. august til utgangen av juni.

Søknadsfristen for hovudopptak er 1. mars

Evt. nærare opplysningar får du på skulane eller i resepsjonen på Tinghuset.

Ein søkjer om plass ved å logga seg på: https://skole.visma.com/etne/ via ID-porten.
Evt. endringar eller oppseiing gjer ein også på same nettsida.

Opningstida i SFO er slik (Tidene er tilpassa småskulen si undervisningstid):

Enge skule:
Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.00 – 08.45 og 14.30 – 16.30
Onsdag: 07.00 – 16.30

Skånevik skule:
Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.30 – 08.20 og 13.50 – 16.15
Onsdag: 07.30 – 16.15

Vedtekter for SFO

Redusert foreldrebetaling

Nullmobbing

 

 

 
Tips ein ven  Skriv ut