SFO

Skulefritidsordning

SFO er eit tilbod til alle born på 1.-4. årssteg og for born med særskilte behov på 1.-7. årssteg. Born som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

14.04.10 - 03.05.10

Hovudaktiviteten er i første rekkje leik ute og inne, lesing, spel, samtalar og spontane aktivitetar.

Ein kan søkja heile året, men kvart år vil det vera ein frist 1. mars med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august. Born som har fått plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom han ikkje vert sagt opp.

SFO ved Enge og Skånevik skular er opne frå 1. august til 30. juni.
Søknadsfristen for hovudopptak er sett til 1. mars.
Evt. nærare opplysningar får du på skulane eller på Tinghuset.

Opptak skuleåret 2020-2021
Ein søkjer om plass ved å logga seg på: https://skole.visma.com/etne/ via ID-porten.
Evt. endringar eller oppseiing gjer ein også på same nettsida.

Opningstida i SFO er slik (Tidene er tilpassa småskulen si undervisningstid):

Enge skule: Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.00 – 08.45 og 14.30 – 16.30
Onsdag: 07.00 – 16.30

Skånevik skule: Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.30 – 08.20 og 13.50 – 16.15
Onsdag: 07.30 – 16.15

Vedtekter for SFO

 

 
Tips ein ven  Skriv ut