Signal ved uro

Signal hos barn/ungdom og familien:

Nedanfor blir nemnt nokre signal hos barn/ungdom og familie, men lista er ikkje utfyllande. Det kan vera teikn på at barnet lever i ein situasjon prega av utilstrekkeleg omsorg. Jo fleire signal barnet/ungdommen viser, desto meir utsett kan barnet/ungdommen vera.

Barn/ungdom:

  • Trist, gret lett, mangel på mimikk, tilbaketrekking
  • Konsentrasjonsproblem
  • Ufrivillig vasslating og avføring (hos dei aller minste barna)
  • Motorisk uro, angst
  • Problem med vener og sosial omgang
  • Kjenslemessig ustabil
  • Manglande lekser
  • Høgt fråvær - både samanhengande fråvær og hyppig korttidsfråvær
  • Mykje sjuk - mange vondter
  • Samspel mellom barnet/ungdommen og foreldra er prega av konflikt
  • Kan være overdrive ansvarleg og tilpassingsdyktig
  • Er likegyldig til skulen og har fallande skuleprestasjonar
  • Irritabel og meir aggressiv åtferd
  • Er påfallande trøyt etter helg, over lengre tid
  • Brå endring i åtferd

Familien:

  • Manglande oppfølgjing og tilbakemeldingar.
  • Dårleg hygiene og klede.
  • Relasjon og samspel med barnet/ungdomen
  • Manglande matpakker og gymtøy
  • Bagatellisering
  • Foreldra er kjenslemessig ustabile
  • Alvorleg psykisk liding hos foreldre
  • Misbruk av illegale og legale rusmiddel (alkohol og medikament utskrive av lege)
  • Ustabil bu - og økonomisk situasjon
  • Foreldra viser lita medkjensle og har i liten grad merksemda si retta mot barnet

Godt samarbeid med foreldra er viktig, då det å hjelpa foreldre til å vera gode omsorgspersonar er det same som å hjelpa borna. Samstundes må omsynet til borna gå føre ved bekymring for omsorgssituasjonen. Å snakka med foreldre om ei slik bekymring, kan opplevast som vanskeleg.

Her kan du få tips til korleis du kan gjennomføra ein slik samtale på best mogeleg måte:  
Er du bekymra for vald, overgrep, bortføring, omskjering eller andre farlege situasjonar?
Ta kontakt med:
Barnevernstenesta  tlf 53 75 81 30 / 53 65 65 65 (mellom 8-15),  eller
Politi tlf 02800. Trykk her for å koma tilbake til hovudsida.

 

 

"Me bryr oss"

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut