mot_logo

SIGNALBERAR!! Tek du utfordringa ?

Etne kommune inviterer to ungdommar i alderen 16-25 år til Signalberar-kurs med MOT måndag-torsdag i veke 40 eller 41.

Det er gøy, utviklande, sosialt,  gir deg energi og nye venner!

Lokalsamfunn med MOT satsinga i Etne ynskjer å  involvera aktive, positive ungdommar meir.

 

Etne kommune inviterer 2 ungdommar i alderen 16-25 år til:

Signalberar- kurs med MOT mand.-torsdag i veke 40 eller 41.

 

Det er gøy, utviklande, sosialt,  gir deg energi og nye venner!

 

Målet med Signalberar er at ungdom skal få større innsikt i seg sjølv og at dei skal reise tilbake til nærmiljø og lokalsamfunn og vera gode rollemodellar for andre ungdommar. Det er leiarskulering for deg som har lyst å utvikla deg og til deg som vil gjera kommunen til ein god stad å bu. Kanskje er du trenar og likar utfordringar?

Signalberarane blir ein del av MOT-teamet i Etne kommune.  Mulighetene er mange for deg personleg og for oss i MOT. Kor mykje aktivitet det blir etterpå er avhengig av kva du elles held på med. Du treng ikkje å vera ein del av MOT frå før. Me veit det finns mange flinke unge som kan bidra til gode oppvekstmiljø i kommunen.

Etne kommune er ein MOT kommune. Det er eit krevjande og spennande satsingsområde der me stadig set oss nye mål. Etne kommune har vore Lokalsamfunn med MOT sidan 2006, ein av dei 17 første kommunane i landet. No er det om lag 140 kommunar som satsar. Etne kommune betalar reise (fly Haugesund - Værnes) og opphald. Alt skjer på MOT-Camp i Trondheim.

Det er eit unikt tilbod, så snu deg fort rundt. Me satsar no på deg!

Ta kontakt på mail til: siri.klokkerstuen@etne.kommune.no før 17. september 2013

 

Helsing
Siri Klokkerstuen
MOT-koordinator, Etne kommune

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut