Corona2

Siste nytt frå Kommuneoverlegen

Status i Etne laurdag ettermiddag er at omtrent 40 personar har rapportert at dei sit i karantene ut frå karantenereglane.

Ein person har testa positivt på Covid -19 og alle personar som har vore i nærkontakt med vedkomande er kontakta.

Med nærkontakt meiner ein personar som har hatt tett kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 frå 24 timar før symptomdebut. Ein vert rekna som nærkontakt i 14 dagar frå og med siste kontakt med det stadfesta tilfellet. Med tett kontakt meiner ein:

  • Har budd i same husstand som ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.
  • Har hatt direkte fysisk kontakt med (for eksempel ved handhelsing) ein som er stadfesta sjuk med covid-19.
  • Har vore i direkte kontakt med spytt (for eksempel blitt hosta direkte på) frå ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.
  • Har hatt nærkontakt, ansikt til ansikt, under 2 meter i meir enn 15 minutte, med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.
  • Har opphalde seg i eit avgrensa miljø (til dømes eit klasserom, møterom, venterom e.l.) med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 i meir enn 15 minutt og på mindre enn ein avstand på 2.
  • Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå, eller på annan måte har hatt tilsvarande nær fysisk kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19, uten å ha brukt tilrådd verneutstyr.
  • Har sete i nærleiken av (to seter eller nærmere i alle retninger) ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 på fly, samt andre nærkontaktar på fly.
  • Har vore del av same reisefølgje som ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.

Ref:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/definisjoner-av-mistenkte-og-bekreftede-tilfeller-med-koronavirus-coronavir/

Det er svært viktig at alle som får beskjed om å vera i karantene overheld reglane knytt til dette!

Det er ikkje lov til:

  • å gå på jobb
  • å gå der andre kan opphalde seg (butikk, cafe mm)
  • å gå på besøk til andre
  • å ta offentleg transport

Mi sterkaste oppfordring til folk i Etne er å halde seg heima og unngå å opphalde seg saman med andre enn sine næraste.

Kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud

 

Tips ein ven  Skriv ut