Skånevik barnehage

DSC_0188_500x266.jpg

Etne kommune eig og driv Skånevik barnehage, som ligg i bygda Skånevik. 1. mars blei nye Skånevik barnehage opna. Barnehagen har kapasitet til inntil 66 heildagsplasser. Barnehagen er delt inn i fire aldersinndelte grupper Smørbukk, Rødhette, Askeladden og Utegruppo. Barnehagen ligg sentrumsnært, kort vei til ulike turområder, sjø og fjære, og moglegheit til og besøkje gardsdrift med ulike dyr.

Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen og bedrifter i bygda. Me ynskjer at barna skal vera kjend i bygda si og vera trygge i nærmiljøet og kommunen sin.

Me vil at barnehagen skal vere ein stad der heile mennesket har sin plass. Det einskilde barnet er unikt og ulike alle andre. Barn er i seg sjølve kreative og handlingsdyktige, stadig på veg i si utvikling, men i sin eigen takt og ut frå dei føresetnadar som er arva og som omgjevnaden gir.

Gutar og jenter skal ha lik sjanse til å bli sett og høyrt, og oppleva seg som ein del av fellesskapet.

Gjennom omsorg, leik og læring får barna utvikle si evne til samarbeid, nestekjærleik, empati og respekt for seg sjølve og andre.

Skånevik barnehage_1.jpg

Ønska posisjon: Ingen går aleine

Styrar: Torhild Molland, telefon 53 75 82 70.

Link til Skånevik barnehage si heimeside.