Skal få fastbuande og turistar på vandring i naturen

Gjennom prosjektet ”Vandring i Hordaland” er det starta ei større satsing på vandring i fylket. Målet er å gjera vandring som eit kvalitetsmessig godt aktivitetstilbod meir synleg og tilgjengeleg.

Prosjektet er eit felles løft for å sikra betre merking og gradering av turstiar og turløyper i tilknyting til aktivt friluftsliv for alle målgrupper i alle kommunane i fylket. 

Det skal velgast ut eit avgrensa antall turløyper i Hordaland som skal ha ein reiselivsprofil og satsa mykje på publisering. Desse skal løftast fram i ein reiselivssamanheng.
Prosjektet vil sjå på kva meir desse turstiane og områda har å by på av aktivitetar, attraksjonar og servering, samt i kva grad dei er tilrettelagt for tilreisande med tilkomst og parkering.
Utvalet vert basert på visse kvalitetskriteria som vert stilt og ei god spreiing geografisk og med tanke på vanskegrad.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 1.950.000 der 990.000 er offentleg finansiert, resten er eigeninnsats og sponsormidlar.
Både Hordaland fylkeskommune, destinasjonsselskap, kommunar, turlag, grendelag og lokale eldsjeler er involverte i prosessen.

Det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland som er prosjektansvarleg, og Jan Morten Wiland Nesse er tilsett som prosjektleiar.
Han har utdanning i geografi, spansk og marknadsføring og har tidlegare budd og arbeidd i Sør-Amerika som turoperatør og guide. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut