Elevar - Trygt og godt skulemiljø

Etne kommune - Plan for eit trygt og godt skulemiljø (DOCX, 3 MB)

Faldar kap 9a - info til elevar og føresette (DOCX, 1010 kB)

Omtale

Skulen har ei aktiv plikt til å passe på at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt.

Skulebygget og uteplassen skal tilpassast alle elevar, òg dei med funksjonsnedsetjing.

Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Skulen skal ta stilling til oppfordringa så fort som mogleg og skal lage eit skriftleg vedtak om saka.

Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp
  • Føresette

Kriterium/vilkår
 

Regelverk

Sjå spesielt friskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø opplæringslova Kapittel 9A



Lover

Forvaltningsloven

Forskrifter

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Rettleiing

Skolemiljø (Udir-3-2017)
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i skolen (IK-2073)

Praktiske opplysninger

Sakshandsamingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg.  

Klagemulighet

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til skulen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Gjer ikkje skulen noko vedtak etter å ha fått tid til å vurdere saka, kan du likevel klage som om vedtaket var gjort. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt skulen avgjerda stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Om skulen ikkje har svara deg innan rimeleg tid, kan du enno klage som om skulen hadde fatta eit vedtak.

Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Kommunalsjef oppvekst og kultur
Leiar: Mona Rasmussen Sævik

Telefon: 414 55 534

Kontaktpersonar

Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53 75 81 25
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no