Ordninga gjeld for elevar på 1.-4. årssteg
(Forskrift til opplæringslova §2-3 og § 2-4)
Pris for ein fulltids SFO-plass 1.- 3. trinn er pr. 01.08.2026 er kr. 1500,-. Dersom ditt hushald samla tener mindre enn kr. 250 000-, har du krav på redusert foreldrebetaling ved fulltidsplass.
Pris for ein fulltidsplass 4. trinn er kr. 2910,-. Dersom ditt hushald tener mindre enn kr. 485 000,-, har du krav på redusert foreldrebetaling ved full plass.
Dersom hushaldet har deltidsplass og prisen på denne utgjer meir enn 6% av hushaldet si totale årsinntekt, vil hushaldet ha rett på redusert betaling også ved deltidsplass.
Sjå tabell nedanfor.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for nytt SFO-år er 31. juli. Alle søknader som er mottekne før denne fristen, vil gjelda heile SFO-året, altså frå skulestart.
Søknader som kjem inn etter fristen, vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen får søknaden, og gjeld for eitt SFO-år.
Slik søkjer du:
Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er skattemeldinga for det siste året.
Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er skattemeldinga for det siste året. Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på skattemeldinga som er fylt ut på førehand, skal desse vera dokumenterte. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, vinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar. Etne kommune hentar informasjon direkte frå Skatteetaten. Dersom førre skattemelding stemmer med noverande inntekt, treng du ikkje senda dokumentasjon. Dersom det nyleg har vore endringar i økonomien i hushaldet og som ikkje er likt med den førre skattemeldinga, skal dei vera dokumenterte med annan dokumentasjon av skattepliktig inntekt. Døme på slik dokumentasjon kan vera:
- Lønsslipp (stadfesting frå arbeidsgjevaren på brutto månads-/årslønn)
- Trygdeutbetalingsblankettar
- Fødselspengar
- Pensjonar
- Arbeidsløysetrygd
- Studentbevis/stadfesting på skuleplass
Søknad med vedlegg sender du via: Innlogging for Etne: Foresattportal
Hugs at søknaden små sendast til den kommunen barnet er folkeregistrert.
Treng du hjelp, kan du ta kontakt med skulen eller med resepsjonen på Tinghuset.