Skatt vest tilbyr informasjonsmøte

Skatt vest går ut med tilbod om informasjonsmøte til arbeidsgjevarar med utanlandske arbeidstakarar – sesongarbeidarar mv i heile regionen.

Informasjonsmøte blir arrangert på fylgjande stader:

Egersund – på Grand hotell – Onsdag 13. juni kl. 17:00 – 19:30
Stavanger – på skattekontoret i Lagårdsveien 46 – Tirsdag 12. juni kl. 17:00 – 19:30
Haugesund – på skattekontoret i Karmsundsgaten 192 – Torsdag 14. juni kl. 17:00 – 19:30
Odda – på Hardanger hotell – Onsdag 13. juni kl. 17:00 – 19:30
Bergen – på skattekontoret i Nonnesetergaten 4 – Torsdag 14. juni kl. 17:00 – 19:30
Førde – på Rica Sunnfjord hotell – Tirsdag 12. juni kl. 17:00 – 19:30
Sogndal – på Quality Sogndal hotell – Mandag 11. juni kl. 17:00 – 19:30
Nordfjordeid – på Bryggen hotell – Tirsdag 12. juni kl. 17:00 – 19:30

På dette møtet vil det bli gitt informasjon om blant anna fylgjande:

• Korleis registrere utanlandske arbeidstakarar i Noreg
• Kva dokumentasjon må leggjast fram ved ID-kontroll
• Kva er skilnaden mellom D.nr. og P.nr.
• Kva er det som skal rapporterast inn som løn
• Kva for skilnad er det mellom arbeidstakarar innanfor eller utanfor EØS-området
• Kva for ein tariff er det som gjeld

Tilbodet er gratis. Påmelding innan dagen før møte – sjå http://www.skatteetaten.no/informasjonsmote-pamelding

Med vennleg helsing

Guri Larsen
Underdirektør
Skatt vest Stavanger

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut