Skatteetaten

Skatteetaten tek over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene 1. november

Frå 1. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen, ved Vindafjord og Etne skatteoppkrevjarkontor, har i dag. 

Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen. Oppgåvene som blir overførte til Skatteetaten frå og med 1. november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter, og alle førespurnadar som gjeld skatt framover må rettast dit. Meir informasjon på skatteetaten.no.

Tips ein ven  Skriv ut