PIS-gruppe

Skilsmissegrupper for elevar

Helsestasjonen tilbyr skilsmissegrupper (PIS-grupper) på skulane.

Påmelding til kontaktlærar eller helsesjukepleiar innan fredag 15.11. Alle elevar skal ha fått med informasjon i "ranselpost". Sjå meir info eller kontakt kontaktlærar/helsesjukepleiar.

Det blir 6 samlingar i grupper på 4-6 elevar à ein skuletime. Gruppene blir i skuletida, og er gyldig fråvere. Me er to helsesjukepleierar tilstades og leiar alle gruppene.

Evaluering frå deltaking i gruppe viser at barna/ungdomen kan oppleve auka tryggleik på seg sjølv. Borna/ungdomane kan bli betre på å setje ord på tankar og kjensler. Det kan bli lettare å finne løysingar og våge å snakke med foreldra om det som er vanskeleg/kva dei ønskjer, og få auka forståing for situasjonen. Ved hjelp av ulike kommunikasjonsmetodar kjem me inn på tema som oppbrot, samvær, utvida familie, feriar/feiringar og tankar om eiga framtid.

Tips ein ven  Skriv ut