Helsesjukepleiarar

Skulehelsetenesta

Lukke til med eit nytt skuleår!

Me helsesjukepleierar er å treffa på:

Enge skule; måndag, tysdag og fredag

Skånevik skule; måndag og torsdag

I tillegg er fysioterapeut på Enge skule onsdagar og på Skånevik skule etter avtale

 

Føremål med tenesta

Fremja psykisk og fysisk helse,

Fremja gode sosiale og miljømessige forhold

Førebyggja sjukdom og skade

 

Sjå meir info på heimesida til skulane.

Velkommen til å ta kontakt!

 

HFU 1.jpg    HFU 2.png    Helsestasjon for ungdom.jpg

 

 

Helsestasjon for ungdom 13-20+

Helsestasjon for Ungdom (HFU):  Onsdagar kl. 11.00 – 15.00 på helsestasjonen i Etne

Dette er eit helsestasjonstilbud for ungdom opp til 20 år, og er eit supplement til skulehelsetenesta. Det skal og vera eit tilbod til dei som ikkje går på skule. Her treff du helsesjukepleiar og lege, evnt. kan me vise til andre om behov.
 

Helsesjukepleiar er oppteken av helsa og trivselen din. Du kan  snakke med oss  om tema som:. søvn, mat, tankar og  følelsar, trening, skulekvardag, familie, venskap, kjærast, seksualitet/prevensjon/kjønnsjukdomar, vold,rus, tobakk/snus og det du måtte vera oppteken av.

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og velkomen.

Du treng ikkje bestille time. Kom innom i tida for Helsestasjon for Ungdom. Du kan og få ein timeavtale viss du ønskjer det, eller kontakte oss på skulane.  

 

Ta gjerne kontakt på sms eller telefon HFU: 53 75 81 08



Følge gjerne ung.no og helsesista;  Snap1.jpg    Snap2.jpg

Vindafjord kommune har og HFU tysdagar kl. 14.30-16.30 - helsestasjonen på rådhuset, Ølen. - må ikkje vera busett i Vindafjord. Møt opp /ring for time: 53 65 55 60

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut