vindafjordetne

Slik røystar du

Rådgjevande folkerøysting

Måndag 26. september er det klart for rådgjevande folkerøysting i Etne kommune.
 

Røysterettsalder er 18 år (alle som er fødde i 1998 eller tidlegare). Manntalet ligg til offentleg ettersyn på tinghuset frå om lag 5. september. Husk å ta med legitimasjon når du kjem for å røyste.
 

Røystestader: 

  • Måndag 26.september er fastsett som dagen for folkerøysting om kommunesamanslåing mellom Vindafjord og Etne.

  •  

    Samtlege vallokale som vart nytta ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 skal vera opne folkerøystingsdagen måndag 26. september.
    Etne kulturhus og Skånevik skule frå kl. 09.00-20.00. Fjæra skule og Sævareid skule frå kl. 15.00-20.00.

    Førehandsrøysting i perioden 8. september til 23. september ved Etne Tinghus kl 09.00-15.00.
    I tillegg ved Tinghuset laurdag 17. september frå kl 11.00-14.00 og onsdag 21. og torsdag 22. september frå kl. 15.30-18.00.
  • Ambulerande Røysting torsdag 22. september. Frist for å søkja er sett til tysdag 20. september kl. 15.00.


Ambulerande røysting

Torsdag 22. september.
Dersom du på grunn av sjukdom eller andre årsaker ikkje kan kome til røystelokalet, kan du søkje om å få førehandsrøyste der du bur.

Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 20. september kl. 15.00.

Søknad skal sendast til Valstyret i Etne, Postboks 54, 5590 Etne. Du kan også søkje ved å sende e-post til post@etne.kommune.no eller pr. telefon 53 75 80 00.


Førehandsrøysting frå andre kommunar eller utanriks

Er du

- folkeregistrert i Etne kommune, men busett andre stader i Noreg

- oppheld deg utanriks, og har ikkje høve til å førehandsrøyste eller delta på røystedagen

då kan du røyste pr. brev.
 

For å røyste pr. brev gjer du følgjande:

1. Skriv ut den røystesetelen du vil nytta: JA (PDF, 93 kB)      NEI (PDF, 95 kB)     BLANK (PDF, 94 kB)

2. Brett røystesetelen med teksten inn, legg den i ein konvolutt og lim igjen

3. Ta kopi av godkjent identifikasjon, som VISA-kort, førarkort eller pass

4. Legg kopi av identifikasjon og konvolutt med røystesetel i ein ny konvolutt

5. Adressèr konvolutten til Etne kommune, Postboks 54, 5590 Etne.

6. Merk konvolutten med folkerøysting.
 

Merk at brevrøysta di må vera komen inn til valstyret i Etne kommune innan røystedagen 26. september kl. 20.00. Veljaren er sjølv ansvarleg for at røyster pr. brev kjem fram i tide.
 

Ta kontakt med Etne kommune på tenestetorget@etne.kommune.no eller 53 75 80 00 om du har spørsmål.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut