Grace D53_0963 450px

SMISO byttar namn til Nok.

SMISO Hordaland byttar namn til Nok. Bergen.

Nok Bergen

Dekningsområdet er framleis
Hordaland og tenestene er dei same som før, men namnebytet skal bidra til å nå
betre fram til brukarane. Her får dei som er utsatt for seksuelle overgrep - og deira
pårørande - eit tverrfagleg lavterskel og gratis hjelpetilbod. Nok. Bergen tilbyr også
undervisning og rådgivning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell
og andre fagpersonar.
Dagleg leiar for Nok. Bergen, Grace Ellen Gjuvsland, er glad for det nye namnet.
- Nok. representerer eit tydeleg stopp-punkt og speglar visjonen til alle Nok-sentra;
“Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep”. Likevel skjer det. 1 av 3 kvinner og 1 av
10 menn opplever seksuelle overgrep. Nok.-namnet markerer endring, håp og
framtid i tråd med slagordet “Saman finn vi vegen vidare”, seier Gjuvsland.
Nok.-sentra jobbar for ei betre framtid for dei som er utsatt, og for å hindre at nye
overgrep skjer. Med nytt namn og ny visuell identitet, ønsker dei å gjere denne
jobben endå betre.
For meir informasjon, gå til nettsida nokbergen.no. Du kan også følgje Nok. Bergen
på Facebook og Instagram.

Tips ein ven  Skriv ut