thermometer-5185847_1280

SNOTT! Kan barnet mitt gå i barnehagen i dag?

Kan eg gå på jobb?

Ei mykje omtala problemstilling siste månadene er snott. Både mengde, farge, fordeling i ansikt, varighet og deling mellom born har vore nøye diskutert. Stadig nye problemstillingar omkring snott har vore løfta opp til kommunelegens bord.

Dei heile kokar eigentleg ned til: Kan barnet mitt gå i barnehagen i dag? Kan eg gå på jobb?

Nå er det snart haust og me må derfor snakka litt om snott.
Dersom vaksne får akutt luftvegssjukdom som sår hals, hoste, feber, tapt lukt/smakssans, sjukdomsfølelse, skal dei så raskt som mogleg melde seg til testing for Covid-19 hos testsenteret i Ølen. Dersom prøven deira er negativ skal dei halde seg heime til dei er friske, og deretter gå tilbake på jobb.
Dersom ein veit at ein pleier å ha litt tette biholer, lett kribling i halsen eller litt tørrhoste i eit par veker etter at ein er frisk frå sin luftvegsinfeksjon, så kan ein gå på jobb med dette dersom heimekontor ikkje er aktuelt. Risikoen for å smitte andre med forkjøling fell drastisk etter ei lita veke. Med god handhygiene, god hostehygiene og minst 1 meters avstand til andre er risikoen for å smitte kollegaer svært låg.

Så var det barna.
Andelen barn som er rapportert med påvist covid-19-infeksjon, har så langt vore låg. Det kan tyda på at barn anten får milde symptom, eller blir smitta i mindre grad. Det er i utgangspunktet personar med symptom som er smittsame, og barn får lite symptom. Derfor er det sannsynleg at barn er mindre smittsame enn vaksne.

Dersom barn under 10 år får akutt luftvegsinfeksjon, så skal dei haldast heime. Ein ser an symptoma i om lag to døgn før ein skal vurdera testing for Covid-19. Om barnet blir friskt iløpet av denne tida går dei tilbake i barnehage/skule.
Nokre barn har kronisk rennande naser utan at dei er sjuke. Desse barna kan gå i barnehage utan testing, men me oppmodar foreldra om å kontakte barnehagen og informerer om dette.
Nokre barn har rennande naser og lett tørrhoste i fleire veker etter ein luftvegsinfeksjon. Desse kan og gå i barnehage når dei har god allmenntilstand igjen.

Det er ikkje alltid lett å vurdera kor «nyoppstått» ei snottenase er. Me håpar på forståing for at det kan bli nokre ekstra telefonar frå barnehage og skule, då me må nytte «føre var» prinsippet for å beskytte alle barna. Med god dialog mellom foreldre, barnehage og skule skal me få dette til. 

Er du eller barnet ditt sjuke, og de vil teste dykk?
Ring telefon 53656034  Teststasjonen i Ølen.  Er du i tvil? Ring fastlegen din for råd.

Hugs det viktigaste:
1 Er du sjuk? Hald deg heime til du er frisk
2 Vask hender, eller bruk handsprit
3 Host i papirlommetørkle eller i albuekroken
4 Hald minst 1 meter avstand til andre, unntatt dei du bur med.
5 Test deg om du har symptom på Covid-19 (Feber, sår hals, hoste, sjukdomsfølelse, mista smak/luktesans, magesmerter))

https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/covid-19-smittevern-i-barnehager/smitteforebyggende-tiltak/syke-personer-skal-ikke-vaere-i-barnehagen

 

 

Tips ein ven  Skriv ut