Litledalen_pengar

Søk midlar frå fond Kraftkontrakten

Frå 2020 har kommunen oppretta eit fond som skal støtta tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Bakgrunnen er ein avtale mellom Etne kommune og Etne El-lag om overføring av ein konsesjonskraft-kontrakt. Søkjarar må halda til innan Etne El-lag sitt tidlegare konsesjonsområde.

Etne kommune og Etne Elektrisitetslag inngjekk i desember 2019 avtale om overføring av ein gammal konsesjonskraft-kontrakt.  Som ein del av avtalen mellom partane, er det frå 2020 oppretta eit kommunalt fond som skal tilførast delar av forventa kommunale kraftinntekter. Midlane frå fondet skal gå til å støtta ulike ålmennyttige formål i Etne kommune, og har søknadsfrist 31. august.

Fondet skal retta seg spesielt mot tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Fondet skal bidra til mangfaldet innafor organisasjonslivet i Etne kommune, inspirera til kreativitet og fremja samhandling mellom frivillige lag, organisasjonar og Etne kommune.
Midlar frå fondet skal innafor formålet tildelast lag og organisasjonar innan Etne elektrisitetslag sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda med Stordalen og Kyrping).
Primært vert det gitt tilskot til å støtta opp om prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter. Fondet kan nyttast til investeringar i varige driftsmidlar, både for ålmennyttige organisasjonar og kommunale tiltak. Midlane kan og brukast til forskotering av spelemidlar.
Midlane skal ikkje brukast til løpande drift, men unnatak for tilskot til avdrag på investeringar gjort i tråd med fondet sitt formål.
Støtte kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot. Ved lån skal avdrag førast tilbake til fondet.

Årleg søknadsfrist er 31. august. Etne formannskap gjer vedtak om tildeling av midlar i oktobermøtet. Midlane blir utbetalte til søkjarane etter dokumentert gjennomføring av tiltaket.
For spørsmål, kontakt Kulturkontoret på kultur@etne.kommune.no eller tlf 53 75 81 24 (Morten) / 53 75 81 28 (Liv-Kari).

Vedtekter for Fond kraftkontrakten.pdf

Meir info og søknadsskjema her

 

Tips ein ven  Skriv ut