Korona-krisepakke

Søk nye Korona-krisepakkar for kulturlivet

Nye koronakrisepakkar for frivillige lag og organisasjonar og meir profesjonelle arrangørar og underleverandørar til kultursektoren er klar, og har som formål å kompensera for betydeleg inntektsbortfall (evt meirutgifter) som følje av dei pålagde koronarestriksjonane.

Her er fleire ordningar å søkja på, men grovt sett kan me seia at frivillige lag og organisasjonar finn informasjon og søknadsskjema via Lotteri og stiftelsestilsynet https://lottstift.no/,
medan meir profesjonelle aktørar finn informasjon og søknadsskjema via Kulturrådet https://www.kulturradet.no/. Sjekk nettsidene og hald dykk orienterte og/eller ta kontakt med kulturkontoret for rettleiing!

  • Frivillige lag og organisasjonar:

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Søkjarane må vera registrerte i Frivillighetsregisteret, og kunna dokumentera inntektsbortfall på minimum kr 25.000.
Søknadsfrist 15. september.
https://lottstift.no/nb/ny-krisepakke-for-frivilligheten-2/

  • Arrangørar og underleverandørar til kultursektoren

Ny kompensasjonsordning gjeld for arrangement i perioden 1. mai til 31. august 2020.
Søknadsfrist 15. september.
https://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/kompensasjonsordning-for-kulturarrangementer

Andre støtteordningar
Kulturlivet har mange økonomiske støttespelarar lokalt, regionalt og nasjonalt, og mange av ordningane har søknadsfrist i august/september.
Sjå oversikten over offentlege og kommunale støtteordningar her https://www.etne.kommune.no/tilskotsordningar.520907.nn.html

Tips ein ven  Skriv ut