Søk om tilskot til å tilpasse bustaden din

Bu heime lenger:

Husbanken.jpg

Dersom du treng økonomisk stønad for tilpassing av bustaden din, slik at du fortsatt kan bli buande der, kan du søkje kommunen din om tilskot til dette. 

 

Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å få tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjere dette mogeleg. Det er god samfunnsøkonomi også.

Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

 

Kommunane vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vere ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

 

Ved planlegging av større ombygnader kan det være smart å først søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

 

Kontakt Per Rune Kolås i Etne kommune på telefon 53 75 80 46.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut