Søknad frå Etne Containerservice om løyve til avfallsanlegg ved Steinshagen i Etne kommune

Etne containerservice har søkt om utsleppsløyve etter forureiningslova for å laste om og sortere næringsavfall. Det er søkt om eit årleg mottak på ca 12.000 tonn avfall inkludert mindre mengder farleg avfall. Søknaden ligg til offenteleg ettersyn på tinghuset. Den kan og lastast ned på http://fylkesmannen.no/hordland under Høyringar.

Eventuelle merknadar til søknaden kan du leggja direkte inn på heimesida til fylkesmannen. Merknadar kan og sendast til Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen eller på e-post .

Frist for merknad er sett til 20. februar 2012

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut