Søknad om reduksjon i foreldrebetaling barnehageåret 2018-2019

Gjeld foreldre med barnehageplass i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja kommunen om reduksjon i foreldrebetaling for
barnehageplass, jf. Forskrift om foreldrebetaling i barnehager, § 3 Moderasjonsordninger.

Det kan også verta innvilga friplass med heimel i sosialtenestelova eller barnevernslova. Då lyt ein venda seg til NAV eller barnevernstenesta.

Det er to ordningar for moderasjon i foreldrebetaling for barnehageplass:

 

ORDNING 1

GRUNNLAG FOR Å SØKJA OM REDUSERT FORELDREBETALING - frå 1. august 2018 
Ingen i hushald skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass.
Hushald med samla inntekt under kr. 533.500,- vil betala mindre enn makspris på kr. 2 910,-.

 

ORDNING 2

GRATIS KJERNETID FOR 3-,  4- OG 5-ÅRINGAR OG BORN MED UTSETT SKULESTART SOM  BUR I HUSHALD MED LÅG INNTEKT - frå 1.august 2018
Alle 3-, 4- og 5-åringar, og born med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Ordninga gjeld for hushald som har ei samla inntekt under kr. 533.500,-.

FELLES FOR ORDNINGANE: 
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
 

FØRESETNADER FOR REDUKSJON I FORELDREBETALINGA
Barnet må vera folkeregistrert i Etne, og det må ha plass i offentleg godkjent kommunal eller privat barnehage
Betalingsevne: inntekter er lågare enn ei av dei to ordningane

INNTEKTER MÅ DOKUMENTERAST
Søkjar har ansvar for å leggja fram dokumentasjon i samband med søknad.

Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er sjølvmeldinga for det siste året.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på sjølvmeldinga som er fylt ut på førehand, skal desse vera dokumenterte. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, vinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar.

Dersom det nyleg har vore endringar i økonomien i hushaldet og som ikkje er likt med den førre sjølvmeldinga, skal dei vere dokumenterte med annan dokumentasjon av skattepliktig inntekt.

Døme på slik dokumentasjon kan vera:

• Lønsslipp (stadfesting frå arbeidsgjevaren på brutto månads-/årslønn)

• Trygdeutbetalingsblankettar

• Fødselspengar

• Pensjonar

• Arbeidsløysetrygd

• Studentbevis/stadfesting på skuleplass

VURDERING
Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova. Fylkesmannen er klageinstans.
Etne kommune som barnehagemynde gjer ei skjønsvurdering ved fastsetjing av
foreldrebetaling. Vedtak vert gjort for gjeldande barnehageår.
 

ENDRINGAR I PERSON- OG KAPITALINNTEKTER ETTER AT VEDTAKET ER FATTA

Alle hushald med vedtak om reduksjon i foreldrebetaling pliktar å melda frå om endringar i den økonomiske situasjonen. Endringar kan ha konsekvensar for vedtaket.

 

Her er link til skjemaet.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut