Foto_tippemidler

Søknad om Spelemidlar

Etne kommune sin frist for søknader som gjeld Spelemidlar er 5. november.

Me minner om at prosjekt som tenkjer søkja om Spelemidlar dette året, må kontakta Kulturkontoret snarast for å få nye tiltak registrerte, og for å søkja om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Me hjelper også til med råd og informasjon rundt søknadsprosessen. Frist for levering av den elektroniske søknaden med vedlegg er 5. november.
Dei fleste tenkjer «idrettsanlegg» når dei høyrer ordet «Spelemidlar» (tidlegare «Tippemidlar»), men  ordninga opnar for tilskot til mykje meir enn dette! Til dømes aktivitetspark i byggefeltet, tursti, kulturbygg, Tufte-park og mykje anna. Ein kan få tilskot til både nyetableringar og rehabilitering av eksisterande anlegg. 
Meir informasjon og søknadsportal finn du på https://www.anleggsregisteret.no/
Mvh
Morten.Odeen@etne.kommune.no, tlf 53 75 81 24
Liv.Kari.Bodtker@etne.kommune.no, tlf 53 75 81 28

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut