Reidar og Kristin_1000x561

Solfrid Frette er kåra til årets reinhaldar i Hordaland 2016

Fagforbundet har dei siste åra kåra årets reinhaldar. Mange forslag på flotte reinhaldarar blei sendt inn også i år.

Solfrid på vaskemaskinen.jpg

Årets vinnar frå Hordaland har i mange år arbeida med yrkesfagleg arbeid eksternt og internt. Delteke i prosjektgrupper og fleirfaglege prosjektgrupper i kommunen.

 

Ho er opptatt av fagleg kvalitet og utvikling i reinhaldstenesta, både for seg sjølv og kollegaene. 

Status og service ligg høgt som hennar prioritering og bidreg til at dette skal vera eit felles fokus blant kollegaer. 

 

Fokus på at reinhaldarane skal ha ein god standard på klede, utstyr og orden meiner ho er viktig, og dette bidreg til ein god trivselsfaktor. 

 

Inkludering av andre etatar bidreg til meir respekt og kjennskap til denne faggruppa.

Representasjon og engasjementet gir bransjen eit godt ansikt utad.  

 

Ho er ein lagspelar og motivator for kollagaene sine, slik at dei skaffar seg kunnskap om deira høve til utdanning. Fleire har teke fagbrev og integrering og samhald er i fokus. 

Ho bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Og er ein initiativtakar til sosiale aktivitetar i arbeidstida og utanom. Kan vere alt frå mat, quiz, fysisk aktivitet, sosialt lagt med mat og drikke. Leik og moro. 

 

Ho er samfunnsengasjert og har delteke i lokale lag og dugnadsarbeid. I tillegg til alt dette har ho vore engasjert i fagforeiningsarbeid.

 

Fagforbundet Hordaland vil takke Solfrid Frette for det fantastiske arbeidet ho gjer kvar dag og kårar henne difor til Årets reinhaldar i Hordaland.

 

Vinnaren blei forhindra frå å vera tilstades under overrekkinga, dermed tok Solfrid sin mann, Reidar Frette, imot diplom, blomar og gåvekort.

Fruktkorg og kake blei også overlevert frå den lokale fagforeininga.

 

I tillegg var det komme inn eit flott forslag på reinhaldar Reidun Opheim som arbeider på Etne omsorgssenter.

 

Me gratulerer Solfrid Frette!

 

Diplom.jpg  Kake_800x449.jpg  Alle_800x518.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut