Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | |||||
Oppdatert: 16.10.2019 15:21 | |||||
Generelt | |||||
Omtale Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Tilskot kan gå til
| |||||
Målgruppe Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med. | |||||
Kriterium/vilkår Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.
| |||||
Samarbeidspartnarar Kommunen disponerer ei årleg tilskottsramme frå Statsforvaltaren. | |||||
Regelverk | |||||
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå jordlova §§ 3 og 18. Sjå også forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Lover Jordlova Forskrifter Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket Rettleiing Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) fra Landbruksdirektoratet | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Her er ein liten film som viser korleis du fyller inn det elektroniske skjemaet: Instruksjonsfilm for søkjar.
Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.
| |||||
Skjema | |||||
Sakshandsaming Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført. | |||||
Sakshandsamingstid Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. | |||||
Klagemulighet Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Statsforvaltaren. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2019-10-16 15:21 |