Coronavirus Covid-19 background - 3d rendering

Spørsmål og svar om Covid-19

Korleis smittar viruset?
Viruset smittar gjennom dråpesmitte ofte innanfor ein radius på to meter, eller direkte fysisk kontakt som t.d handhelsing eller kontakt med ein anna sitt sekret.

Kor lenge er ein smittsam?
Ein kan vera smitteførande frå 48 timar før symptomdebut til 6 dagar symptomdebut.

Kva skjer om ein får positivt covid-19 svar?
Då kjem det ein melding til deg på sms med ei lenke der du kan logge inn for å sjå svaret. Smittesporingsgruppa til Etne kommune vil ta kontakt med deg om du er positiv. Dei vil gjennomføre ein kartlegging samtale  for å finne ut kor du har vore, og kven du har vore saman med frå 48 timar før symtomdebut. I samtalen vil du få informasjon om at du må i isolasjon, og at nærkontaktar som t.d husstandsmedlemmer må i karantene.

Korleis blir ein nærkontakt?
Smittesporerane kartlegg dei som har vore nærare enn 2 meter i meir enn 15 min, eller har hatt fysisk kontakt med den smitta frå 48 timar før symptomdebuten til den smitta.

Kven blir satt i karantene og  kor lenge skal ein vera i karantene?
Alle nærkontaktar blir satt i karantene i 10 dagar frå ein blei eksponert for smitte. Andre som blir anbefalt å teste seg er i karantene til negativt svar føreligg.

Kven skal i isolasjon?
Alle som har bekrefta positiv-covid19 prøve skal vera i isolasjon. Då skal ein opphalde seg i heimen sin og ikkje lufte seg andre stader enn på terrasse/hage. Ein er isolert 10 dagar frå symptomdebut.

Er det trygt å vera samen med andre på jobb og fritid etter 10 dagar i karantene/isolasjon?
Studiar viser at covid19 svært sjeldan smittar 6 dagar etter symptomdebut.

Kvifor ringer ikkje smittesporingsgruppa med eingong eg får prøvesvaret om positiv prøve?
Innbyggar som har tatt test får prøvesvaret litt før sporingsgruppa. Når sporingsgruppa mottek melding om prøvesvar(ofte på kveldstid) vil dei fordele oppgåver mellom seg før ein tar kontakt med den smitta og nærkontaktar same dag/kveld.

Kva tid er ein smitteførande etter at ein har fått viruset?
Ein kan vera smitteførande i inntil 48 timar før ein utviklar symptom.
Blir alle nærkontaktar og smitta kontakta av smittesporingsgruppa?
Ja, Den som er smitta og alle nærkontaktar blir kontakta.

Kven vurderer kva tiltak som skal setjast igong i kommunen?
Kommunen si kriseleiing i samråd med folkehelseinstituttet og fylkesmannen.

Kvifor stenger ein ikkje skulen når det er stort smittetrykk i kommunen?
Dei nasjonale føringane seier at ein skal halde skular opne så lenge det er forsvarleg.  Ein skal gjere målretta tiltak knytt til smittesituasjon. I Etne kommune er det per nå ingen smitta born eller ungdom som tilseier at skulen må stenge. Barn og unge har ein lovfesta rett til undervisning og ei unødig stenging av skular vil kunne «lamme» samfunnet vårt utan grunn for det. Stenging vil heile tida bli vurdert som tiltak om ein får smitte hos barn og unge.

Kvifor stenger ein institusjon og ikkje heildøgnsbemanna bustader?
Heildøgnsbemanna bustad blir definert som ein «privat heim». Me har ikkje heimel til å stenge den private heimen til folk som eit førebyggande tiltak. Skulle det vera smitte i ein heim så har me heimel til å  isolere vedkommande. Det same kan ein gjere om ein bebuar er i karantene.

Har kommunen vurdert heima kontor for alle?
Vurdering er gjennomført og me har lagt oss på ei fleksibel og målretta løysing kor det blir gjord ein vurdering i kvar enkelt tilfelle. Dersom dette er aktuelt for deg så tar du bara kontakt med din leiar for å finna ei løysing.

Har ein vurdert å stenga kommunale bygg?
Det er klare føringar frå sentrale styresmakter at ein skal ikkje stenga tenester som eit førebyggjande tiltak. Dersom ein skal stenga så skal det vera som eit retta verkemedel knyt opp til ein gitt situasjon. Etne kommune vil følja dei nasjonale føringane her.

Tips ein ven  Skriv ut