Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar | ||||||
Oppdatert: 22.01.2019 11:45 | ||||||
Generelt | ||||||
Omtale Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på. | ||||||
Målgruppe Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule | ||||||
Kriterium/vilkår
| ||||||
Regelverk | ||||||
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
friskolelova § 3-5 Lover Friskolelova Opplæringslova Forskrifter Forskrift til opplæringslova | ||||||
Praktiske opplysninger | ||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa. | ||||||
Sakshandsaming
Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. | ||||||
Sakshandsamingstid Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. | ||||||
Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje. | ||||||
Kontaktinformasjon | ||||||
Ansvarlig eining
| ||||||
Kontaktpersonar
| ||||||
Andre opplysningar | ||||||
Dato oppdatert 2019-01-22 11:45 |