Du er her: Heim Samfunn Politikk og valg

Står du i manntalet

Namnet ditt må stå i manntalet om du skal kunne røysta ved Stortingsvalet den 9. september 2013.

Du kan kontrollere om du står i manntalet for Etne kommune. Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn frå ca midten av juli og fram til valdagen.

 

Manntalet er lagt ut i Tenestetorget på Tinghuset. Du kan ringe på tlf  53 75 80 00 kvar arbeidsdag frå kl 09:00 – kl 15:00 for å høyra om du står i manntalet.

 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er teken imot i folkeregisteret innan 30. juni 2013, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du flytte frå eller om du vil førehandsrøysta.

 

Dersom nokon meiner at ein sjølv eller andre med urette er innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan ein krevja at valstyret rettar opp feilen.

 

Melding om oppdaga feil må sendast til valstyret sitt sekretariat