Du er her: Heim Tenester A-Å

Startlån bustad

Oppdatert: 21.08.2018 10:06
Generelt
Omtale

Har du langvarige finansieringsproblem med bustaden, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad. Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering til

  • kjøp av bustad
  • utbetring og tilpassing av bustad
  • toppfinansiering ved bygging av ny bustad
  • refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden

Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.

Målgruppe

Sjå Husbanken sin rettleiar for kven som er målgruppa:

http://www.husbanken.no/startlaan/hvem-kan-faa/#unge

Merk at: 

Unge i etableringsfasen ikkje er i målgruppa

  • Er du ungdom og manglar eigenkapital, er du ikkje i målgruppa for startlån.
  • Det vert forutsatt at du nyttar dine moglegheiter til å spare opp naudsynt eigenkapital og søkjer lån i vanleg bank.
Kriterium/vilkår

Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet. Du må ha evne til å betene lånet over tid og fortsatt ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.

Pris for tenesten

Renta i Husbanken vert påplussa 0,25 prosentpoeng til dekking av administrative kostnader i kommunen.


Samarbeidspartnarar

Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.

Regelverk

Lover
Forvaltningsloven
Gjeldsinformasjonsloven
Husbankloven

Forskrifter
Forskrift om startlån fra Husbanken

Rettleiing
Husbankens retningslinjer om lån
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje elektronisk. Bruk lenkja nedanfor. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om startlån.

Skjema
Søknad om startlån eller tilskudd, elektronisk
Vedlegg
  • Sjølvmelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting av annan finansiering/eigenkapital
  • Kopi av gyldig legitimasjon
Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Økonomi
Leder:Bang, Vegard
Kontaktpersonar
Per Rune Kolås (Rådgjevar)
Telefon: 53758046
Mobil:
Telefaks:
Epost: per.rune.kolas@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-08-21 10:06